– Svært gledeleg med stor kolmuleauke

– Det er svært gledeleg med den sterke auken i kolmulekvoten for neste år.

Det seier styreleiar Tore Roaldsnes i Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) i ein kommentar til dei nye kvoteråda frå ICES, melder Fiskebåt.

– Når vi ser dei to siste åra i samanheng, viser det likevel behovet for meir forsking på bestanden, seier konstaterar Roaldsnes.

– Forskarane underestimerte truleg bestanden i år og vi kan ikkje leve med slike jojo-råd som vi har opplevd når det gjeld kolmule, seier Roaldsnes.

Sild og makrell

– Reduksjonen i kvoten på norsk vårgytande sild var venta ut frå dei signala som har kome tidlegare, men ein auka kvote på Nordsjøsild kompenserer litt for nedgangen, fortel Roaldsnes.

– Også kvoterådet for makrell er om lag som venta. Tilrådinga dokumenterer at bestanden er rekordstor, når kvoterådet er på same nivå som i år, trass i eit omfattande islandsk og færøysk piratfiske, avsluttar Roaldsnes.

Les også: Tilrår nær tidobling av kolmulekvoten 01.10.2011