- Seismikkrapporten tek feil

Del saken

- Også linefisket vert skadelidande av seismikkskyting hevdar fiskeskippar, som meiner at seismikkrapporten tek feil. 

Relatert artikkel

- Også linefisket blir skadelidande av seismikkskyting. Så den nye rapporten frå Havforskingsinstituttet tar feil. Det seier eigar og skipper Åge Uran på linebåten Urvaag, til fiskebat.no.

- 30 prosent reduksjon

I 2007 blei det dokumentert at fangstane til Urvaag gjekk ned med 30 prosent under seismikkskyting. Urvaag og fleire andre linebåtar har fått erstatning for tapt fangst under seismikkskyting.

- Vi hadde vore på feltet ein tur før seismikkskytinga og opplevde at fangstane gjekk ned med rundt 30 prosent i veka etter at seismikken starta, opplyser Uran.

- Skræmeeffekten frå seismikk går ikkje ut på at fisken døyr, men at den blir forvirra. For eksempel flyttar brosme og lange seg frå botnen. Men hysa er kanskje den arten som er mest sårbar ved seismikkskyting, seier Åge Uran.

Også før 2007 opplevde vi reduserte fangstar på grunn av seismikkskyting, men då var vi ikkje klar over at fiskeflåten hadde førsteretten på felta, seier han.

Uran legg til at seismikkfartya har halde seg unna Urvaag sidan saka i 2007. Han seier også at samarbeidet med seismikkflåten er blitt betre.

Får støtte frå kollega

Om bord i linebåten Seir er skipper Ronny Nogva samd.

- Vi har hatt seismikkbåtar på sida av Seir mange gonger og veit at fangstane går ned når dei startar med seismikkskyting, seier skipper Ronny Nogva om bord i linebåten Seir, som akkurat no fiskar hyse nord for Bjørnøya.

- Når vi får seismikkfarty på feltet flyttar vi oss til andre område. Vi veit at fangsten ramlar og det har vi ikkje råd til, seier Nogva til fiskebat.no.

- Det er merkeleg at Havforskingsinstituttet no seier at seismikk ikkje har effekt på anna enn garnfiske, all den tid dei tidlegare har kome fram til ein skræmeeffekt på opptil 33 kilometer. Vi har tilbode Oljedirektoratet og Fiskeridirektoratet å kome om bord med forskarar for å finne ut kva som verkeleg skjer med linebruk i seismikkskytinga, men dei har takka nei til tilbodet, seier Nogva.

Han meiner at forskarane burde ha forska på større havgåande linebåtar med mykje meir linebruk enn dei båtane som er brukte til no.

- Tilbodet vårt står ved lag. Vi stiller med både båt og mannskap ut frå ein fornuftig avtale, seier Ronny Nogva til fiskebat.no.