– Vanskelege makrellforhandlingar i Irland

– Forhandlingane mellom Norge, EU og Færøyane om ein makrellavtale for 2010 er vanskelege.

Relaterte saker

Det seier seier administrerande direktør i Fiskebåtredernes Forbund, Audun Maråk, til forbundets nettsider.

– Partane har ulike posisjonar, seier Maråk.

Maråk er med i den norske forhandlingsdelegasjonen i Cork i Irland. Ein kvoteavtale for 2010 er hovudsaka på møtet, som varer ut veka.

– På norsk side har vi i tillegg eit uløyst spørsmål med EU for 2009, i og med at EU i strid med avtalen stengde norske makrellfiskarar ute frå EU-sonen frå førstninga av oktober. Dette spørsmålet har Norge tatt opp i bilaterale samtalar med EU, men så langt utan ei løysing, seier Maråk på telefonen frå Cork.

– Ingenting skal vere uprøvd i arbeidet med å få til ei løysing, seier Maråk, som saman med styreleiar Inge Halstensen i Fiskebåt deltek i den norske delegasjonen.