Pågripne for kvitvasking

Del saken

To næringsdrivande innan fiskeribransjen i Vågsøy kommune, er pågripne og mistenkte for kvitvasking av fire millionar kroner.

Det stadfestar politiadvokat Trude Stanghelle i Økokrim overfor NRK Sogn og Fjordane.

Det er Skatteetat Vest som har kopla inn Økokrim på bakgrunn av mistanke om at større beløp kan vere unndrege skatt, melder Fjordenes Tidende.

- Vi har hatt ein aksjon i distriktet i samband med Skatt Vest. To personar er pågripne og er mistenkte for kvitvasking, seier Stanghelle til NRK.

Det var tysdag at Økokrim slo til mot bustad og næringsverksemder i Måløy. Økokrim gjorde fleire beslag i saka, men politiadvokaten vil ikkje kommentere kva beslag som er gjort. 

- Det er mistanke om kvitvasking av pengar som stammar frå næringsdrivande. Det er mistanke om skjulte, svarte inntekter, seier Stanghelle.

Stanghelle seier til NRK at dei framleis er tidleg i etterforskinga av saka. Dei to personane sit i avhøyr i dag og fleire vil bli avhøyrde i saka.

- Vi avhøyrer dei to pågripne, og vil avhøyre ytterlegare personar og verksemder. Det vert forløpande vurdert varetektsfengsling, opplyser Stanghelle til NRK.