Førebels ingen makrellavtale

Kyststatforhandlingane i Cork i Irland om ein makrellavtale for neste år resulterte ikkje i nokon avtale denne veka, men partane er samde om å forhandle vidare seinare i år.

Les også:

– Vi ser konturane av ein avtale med nye element, seier administrerande direktør i Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt), Audun Maråk, i ei pressemelding. Maråk deltek i den norske delegasjonen.

– Det nye vil vere ein meir langsiktig avtale om andelar, adgang og forvaltningsprinsipp. Dette i motsetning til dagens ad hoc-avtale om makrell, seier Maråk.

– Ein avtale med slike element vil vere meir forutsigbar for alle partar og gir høve til å drive meir rasjonelt, seier han.

– Færøyane skaper vanskar

– I den norske delegasjonen håper vi å kome i mål i neste runde. Det som skaper vanskar er i første rekkje at Færøyane krev auka andel av totalkvoten, noko EU og Norge ikkje vil godta. Dersom ikkje Færøyane kjem på plass blir dei ståande utanfor ein avtale mellom Norge og EU, seier Maråk. Han peikar på at Færøyane i tilfelle vil kome i " dødens posisjon", ved at dei då ikkje vil oppnå bilaterale avtalar med Norge og EU om andre fiskeslag.

Ikkje tidfesta neste runde

– I neste forhandlingsrunde håper vi at alle forhandlingsdelegasjonar har politisk mandat til å kunne inngå avtale, seier han. Det er førebels ikkje bestemt når kyststatforhandlingane om makrell skal halde fram.

2009-konflikten ikkje løyst

– Konfilkten med EU om sonetilgang i år er ikkje løyst, men dette blir garantert tema også i den vidare prosessen, seier Maråk, som deltar i den norske forhandlingsdelegasjonen, saman med styreleiar Inge Halstensen i Fiskebåt.