Fryktar nye aktørar

Del saken

Møre og Romsdal Fiskarlag fryktar at nye aktørar utnyttar smotthol i regelverket, og set gamle fiskebåtar inn i linefiske til havs. No krev dei endringar i regelverket.

Autolineflåten har vore gjennom ein tøff og kostbar slankekur, og redusert talet på båtar frå 100 til under 40. Målet har vore å skape lønsemd for dei som vert att, melder smp.no.

Gamle båtar inn i fisket

Men no kan den havgåande lineflåten vere i ferd med å vekse igjen. Det skjer ved at havgåande fiskebåtar, som eigentleg er tatt ut av fisket, vert sett inn i det uregulerte fisket på brosme og lange. Dette fiskeriet utgjer halvparten av driftsgrunnlaget for autolineflåten.

Dette er muleg fordi den gamle grensa som skil havfiskebåtar frå kystbåtar er oppheva. No er det ikkje lenger lengda på fartøyet som er avgrensande, men lasteromskapasiteten, skriv nettstaden.

- Uheldig

– Dette er ei svært uheldig utvikling og undergrev legitimiteten til strukturordningane, skriv styret i Møre og Romsdal Fiskarlag i eit framlegg til vedtak.

Styreleiar Lars Erik Hopmark i Møre og Romsdal Fiskarlag tok opp saka på årsmøtet i fylkesfiskarlaget i Kristiansund.

– Vi er forundra over at Fiskeridepartementet ikkje har tatt næringa til følgje, og at ein ikkje stengjer igjen bakvegar inn til eksisterande grupper, sa Hopmark.

Fiskarane fryktar reprise av det som skjedde i kystnotflåten sitt fiske etter sild og makrell. Her klarte mange å skaffe seg fiskeretter på kreative måtar. Då fisket vart lukka, og gruppekvoten skulle delast likt på alle gjekk det hardt ut over dei som hadde lange tradisjonar i fiskeriet.

Styret i Møre og Romsdal Fiskarlag hadde til årsmøtet i dag kome med eit framlegg til vedtak.

– Det er svært uheldig at ein lukkar døra i ei gruppe, og set i gang strukturordningar, samstundes som styresmaktene bevisst held døra oppe for ei anna gruppe til å kome inn bakvegen, står det i styreframlegget.