Gode prisar for sei

Arkivbilde av linebåten MS «Loran». Foto: Fiskebåt

Garn- og linebåten Loran er no på veg til land med 170 tonn garnsei, som vert betalt med kroner 16,75 per kilo.

– Dobbelt så mykje som vi fekk for seien i vinter, kommenterer ein svært tilfreds skipper Ståle Dyb om bord i Loran, til fiskebat.no.

Dyb fortel om ein fangst på 170 tonn stor garnsei, 25 tonn mindre sei, 30 tonn lange og 10 tonn torsk, skriv fiskebat.no.

– Vi har vore på sjøen sidan 7. oktober og for det meste fiska på Tampen, fortel Dyb.

Loran er no på veg til land med rekordfangsten. I tillegg til prisen er han storfornøgd med nyefabrikken om bord.

– Vi har fått bort mykje av det tyngste arbeidet og har dessutan auka frysekapasiteten monaleg, seier Dyb.

Nesten rekord

– Slike prisar har vi ikkje notert på over 20 år, seier salssjef Jon Grimstad i Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag (SUROFI).

– Sjølv om prisen er dobla sidan i vinter er det likevel ikkje rekord, opplyser Grimstad.

SUROFI har funne ut at det i 1986 blei betalt kroner 17,50 for ein fangst på 10 tonn sei frå Frøyholm jr. til Fjordlaks.

– Grunnen til den høge prisen den gongen, var ein annan ressurssituasjon og mangel på sei, fortel Grimstad til nettstaden.