Styreleiaren i Fiskebåtredernes Forbund, Inge Halstensen, er i all hovudsak tilfreds med innhaldet i talen til den nye fiskeristatsråden på landsmøtet i Fiskarlaget i Trondheim i dag.
– Vi merka oss blant anna at ho sterkt understreka at fundamentet for all samfunnsbygging er lønsame bedrifter, seier Halstensen, til Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) sine nettsider.
– Dette er heilt i tråd med vårt syn. At rammeverket med deltakarlov, råfisklov, stabil ressursfordeling og strukturordningane skal vere stabilt og forutseieleg er også svært positivt, når ho samstundes er open for justeringar og tilpassingar, seier Halstensen. Han er også glad for at ho lovar friare val av reiskap for å sikre ein energieffektiv flåte.
Tidsavgrensa strukturkvotar
– Det einaste eg ikkje likte var at ho så sterkt understreka at struktutkvotane skal vere tidsavgrensa. No skal det som kan vere ei parallell sak, nemleg rederiskattevedtaket, opp for Høgsterett. Får reiarlaga medhald der i at vedtaket var grunnlovsstridig kan det bli ein ny runde også når det gjeld tidsavgrensing av strukturkvotar, med tilbakeverkande kraft, seier Halstensen.
Han la merke til og gledde seg over at Lisbeth Berg-Hansen var personleg i slutten av talen. Ho fortalde om bakgrunnen sin, med mor og far som sjarkfiskarar, om kjærleiken til dei mange små lokalsamfunna langs kysten og om at ho valde å seie ja til å bli statsråd for å utvikle norsk sjømatnæring endå meir, skriv fiskebat.no.
– Dette var beste delen av talen og noko vi liker å høyre, seier styreleiar Inge Halstensen i Fiskebåt, til fiskebat.no.
Les også: Fiskeriministerens tale til landsmøtet 11.11.2009