Godt hysefiske i haust

Del saken

Autolineflåten har hatt eit godt fiske av hyse i haust, som er selt til rekningssvarande prisar.

- Autolineflåten har opplevd eit godt hysefiske i haust, med prisar som gir lønsam drift. Det seier Ingvald Husby i reiarlaget som har Ole Husby og Husby Senior, til fiskebat.no.

Akkurat no er Ole Husby på veg heim frå feltet nordvest av Bjørnøya med full last, 260 tonn.

- No i haust har vi på grunn av godt fiske fått full båt på 3-4 dagar mindre enn det som er vanleg. Prisane er på 18-19 kroner (per kilo, red.anm) for mellomstor hyse. I starten av året var prisen nede på 13 kroner, seier Husby.

- Sjølv om vi no ikkje er på nivået på rundt 25 kroner, som vi hadde for to og eit halvt år sidan, er vi tilfredse. Vi er meir interesserte i stabile prisar på eit akseptabelt nivå enn i store svingingar, seier Ingvald Husby.

- Også resten av autolineflåten har opplevd godt hysefiske i haust, stadfestar Husby til fiskebat.no.