Utset kravet om elektronisk fangstdagbok

Fiskeridirektoratet utset innføring av krav om elektronisk fangstdagbok.

Les også:– Umusikalsk av Fiskeridirektoratet 30.10.2009

Fiskeridirektør Liv Holmefjord stadfesta på landsmøtet i Norges Fiskarlag i dag, at elektronisk fangstdagbok ikkje blir innført før 1. april neste år, melder Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) på sine nettsider.

Planen tidlegare var at ordninga skulle gjelde frå 1. januar 2010. Fiskeri- og kystdepartementet vurderer no eit framlegg til reglar frå Fiskeridirektoratet.

Fiskebåt har tidlegare kritisert Fiskeridirektoratet for ikkje å lytte til næringa sine ankemål, i høve framlegget om elektronisk fangstdagbok og dagleg fangstrapportering.

Fiskebåt er i utgangspunktet positiv til elektronisk fangstdagbok, men vil ha endra tidspunktet for rapportering og omfanget av rapportering frå den konvensjonelle flåten, opplyser forbundet på sine nettsider.