Fiskeriministeren må «utvide horisonten»

Del saken

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen var for fem år sidan med i Grønnevetutvalet, som kom med eit kraftig åtak på fiskarane sine grunnlover, deltakarlova og råfisklova.

- Smalt mandat
For fem år sidan var ho med i Grønnevetutvalet som skulle sjå på tiltak for å betre lønsemda i fiskeindustrien. Eit samla utval kom med eit kraftig åtak på fiskarane sine grunnlover, deltakarlova og råfisklova. Dermed risikerer ho å møte seg sjølv i døra som fiskeriminister i ei regjering som har freda dei to lovene, skriv Sunnmørsposten på nett.

– Til det har eg å seie at dersom det å skaffe seg endå betre og breiare kunnskapsbase er å møte seg sjølv i døra, så lever eg lett med dei møta, sa ho frå talarstolen på landsmøtet til Fiskarlaget.

Les også: - Berg-Hansen habil i de fleste saker 12.11.2009

– Meiner du ikkje lenger det same som då du var med i Grønnevet-utvalet, spør avisa.

– Det var eit smalt mandat i utvalet. Og eg har alltid hatt lett for å setje to strek under eit svar. No må eg utvide horisonten, og det trur eg ikkje vert noko problem, seier Lisbeth Berg-Hansen til Sunnmørsposten.

– Vil du halde fram med å hole ut deltakarlova og råfisklova?

– Prinsippa ligg fast, og det er at regjeringa vil bevare råfisklova og deltakarlova. Men der er element som kan trenge ei evaluering, til dømes det eg nemnde i talen om meklingsinstans for å fastsetje minstepris på fisk. Dessutan er det ikkje dette som er hovudproblemet i norsk fiskerinæring, seier Berg-Hansen.

- Potensial for vidareutvikling

I sin tale til landsmøtet utdjupa ho kva ho meiner er eit større problem enn både råfisklova, deltakarlova og finanskrisa.

– Hovudbildet av norsk kvitfiskindustri ber ikkje preg av veldig mykje innovasjon og teknologisk utvikling. At det er eit stort potensial for vidareutvikling av norsk fiskeindustri treng ein ikkje vere atomforskar for å sjå, sa fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen, skriv avisa.