Professor Frede Thingstad og hans forskingsgruppe ved UiB, er tildelt 20 millionar kroner til forsking på mikroorganismar i havet.
Det melder Universitetet i Bergen (UiB) si nettavis På Høyden fredag.
– Dette er eit høgrisikoprosjekt. Hadde me visst nøyaktig korleis dette skal gjennomførast, hadde me gjort det for lengst. Desse midlane gjer at me kan setja oss ned og tenkja på korleis me kan løysa desse problema, seier professor ved Institutt for biologi ved UiB, Frede Thingstad, til nettstaden.
Torsdag kveld fekk han beskjed om at han og forskingsgruppa Marin mikrobiologi er tildelt 20 millionar kroner frå Det europeiske forskingsrådet (ERC) Advanced Grant.
– Forstå kompleksiteten i økosystemet
– Prosjektet er ein draum, og det er den draumen me har selt. No må me setja oss ned og visa at me kan gjennomføra, seier Thingstad, som innrømmer ei viss grad av prestasjonsangst.
Forskingsprosjektet søkjer å utvikla metodar for å betre forstå kompleksiteten i korleis organismar i havet stelle seg til kvarandre.
– Det er eit uhyre komplekst økosystem. Det er millionar av virus og andre organismar i ein liter vatn. Ein bakterie lever i eit døgn, før dei andre organismane tek knekken på han, fortel Thingstad.
– Det me ynskjer er å få ei betre forståing for kompleksiteten, utifrå dei organismane som driv aktiviteten i havet. Det me har lova i søknaden er å bruka fraktalteori, og med det medverke til ei anna forståing av økosystemet, seier Thingstad.
Banebrytande forsking
ERCs Advanced Investigators Grant er eit av verkemidlane innanfor EU sitt program for banebrytande forsking, Ideas. Programmet er ein del av EU sitt sjuande rammeprogram for forsking og utvikling, og vert implementert av ERC.
Advanced Grants vert tildelt prosjekt som er særs ambisiøse, nytenkjande og ukonvensjonelle, og forskaren, som får stipendet knytt til seg personleg, må være ein eksepsjonell forskingsleiar i europeisk samanheng, opplyser Noregs Forskingråd.
Prosjektet MINOS (MIcrobial Network OrganiSation) får 20 millionar kroner over fem år.
I si uttale seier panelet som har godkjend søknaden at dei er særleg imponerte over ønsket om å utvikla fraktale modellar. Dei skildrar også prosjektet som innovativt og banebrytande:
«The proposal represents a highly innovative approach to improve our understanding of marine pelagic microbial communities, which are responsible for a major fraction of all carbon cycled in the biosphere».
Panelet meiner også at Bergen og Universitetet i Bergen er ein utmerka stad for forsking innan marinbiologi, og peiker på lange tradisjonar innan faget, høg grad av ekspertise og gode forskingsfasilitetar.