Det kan bli garnforbod i Hessafjorden, etter at prøvetakingar sist vinter synte at ni av ti torskar var av kysttorsk.
Under torskefisket sist vinter vart Borgundfjorden stengt for garnfiske. Bakgrunnen er at kysttorsken er trua. Fiskeridirektoratet trappa opp sitt prøvetakingsprogram for å få vite meir om fisket.
Under 10 prosent skrei
I alt vart det tatt 2.000 prøver av fangstar frå Hessafjorden. Resultata viser at det var under ti prosent skrei i fangstane stort sett under heile fisket, melder Sunnmørsposten.
– Dette var om lag som venta, og underbyggjer grunnlaget for reguleringane seier faggruppeleiar Kjell Nedreaas ved Havforskningsinstituttet.
I alt vart det fiska 108 tonn torsk under Borgundfjordfisket i år,det vil seie 50-60 tonn mindre enn dei to føregåande åra. Men i 2006 vart det fiska endå mindre.
Vil utvide garnforbodet
I si innstilling til Reguleringsmøtet 26. og 27. november 2009, tek Fiskeridirektoratet til orde for å utvide garnforbodet til også å gjelde Hessafjorden. Det vert grunngjeve med resultata av prøvetakinga sist vinter.
– Resultata taler for å utvide verneområdet til også å gjelde Hessafjorden. Det bør altså vereforbode å fiske der i mars/april, men med adgang til å opne dersom prøvetaking viser at det fins vesentlige forekomstar av skrei, skriv Fiskeridirektoratet i si tilråding.
Fiskeridirektoratet legg likevel opp til at det skal vere lovleg å bruke handsnøre, både i Borgundfjorden og Heissafjorden.