Har kartlagt 20 skipsvrak i Skagerrak

Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) har kartlagt omlag 20 tyske og allierte skipsvrak i Skagerrak.

Det er den sjølvstyrte u-båten Hugin som har kartlagt fleire titals skipsvrak frå andre verdskrig. Vraka er fylt med sennepsgass og andre stridsmiddel og vart senka etter andre verdskrig. Nå veit Kystverket nøyaktig kor 20 av skipa ligg, melder NRK Sørlandet.

Den sjølvstyrte u-båten Hugin. Foto: Forsvarets ForskningsinstituttDen sjølvstyrte u-båten Hugin. Foto: Forsvarets Forskningsinstitutt

U-båten Hugin kan kartleggje havdjupne ned til 3000 meter, og er utstyrt med ein sidesøkjande sonar som kan «sjå» over to hundre meter til kvar side, ifølgje Forsvarets forskningsinstitutt.

Kystverket har tidlegare fått kritikk for manglande kartleggjing av skipsvrak frå krigen. Mange av vraka inneheld sennepsgass. Kartleggjinga skulle eigentleg starte i 2007, opplyser NRK.