Lovar overføring av makrellkvotar til neste år

Statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet lovar at dei som ikkje fekk fiska sin kvote i år på grunn av utestenging frå EU-sonen, vil få kvoten overført til neste år.

– Fisket kan ta til allereide 1. januar, sa Ulriksen i sin tale til årsmøtet i Nord-Norges Rederiforening i Tromsø i dag.

Ulriksen var i sin tale innom ei rekkje tema, som fiskerisamarbeidet med EU, EU som vår viktigaste sjømatmarknad, utkast av fisk, fangstsertifikat og markrellstriden med EU.

– Eg skal vere litt forsiktig i det eg seier fordi vi er midt oppe i forhandlingane. Vi sit faktisk i Edinburgh og forhandlar om makrell no, og neste veke er det siste runde bilateralt i Brussel. I dagens nettsamfunn blir denne talen lesen av kommisjonen og medlemslanda før vi er ferdige med debatten i dag. Men det er klart at denne saka er alvorleg, og vi har, og det står vi på, vore klare på at EU med stoppen braut den bilaterale avtalen. At forhandlingane om ein kvoteavtale for 2010 blir vanskeleg seier seg derfor sjølv, sa Ulriksen.

– Vi har sjølvsagt eit håp og eit mål om å få på plass eit nytt regime for makrell. Ideelt sett skulle vi hatt ein normal oversiktleg kyststatsavtale med faste langsiktige andelar og sonetilgang. Vi er likevel ikkje der enno, og eg er ikkje villig til å ofre noko på kort sikt som gjer at vi tapar på lang sikt. Mulegheitene for ei løysning og opning av fisket i 2009 ser derfor ikkje lovande ut, og eg tviler på ei slik løysing. Dette er sjølvsagt ikkje lett for dei fartøya som ikkje fekk tatt mesteparten av kvoten. Eg er fiskar sjølv og veit kva dette kan bety for lommeboka til alle om bord. Eg håpar likevel at mange klarte å kompensere litt med det gode fisket etter hestmakrell, heldt han fram.

– Uansett kan eg love at dei som ikkje fekk fiska sin kvote vil få kvoten overført til neste år og fisket kan ta til allereie frå 1. januar, sa Ulriksen.