- Auka mattryggleik ved nasjonal matproduksjon

Del saken

- Nasjonal matproduksjon er det viktigaste instrumentet for å oppnå mattryggleik.

Det sa Noreg sin landbruks- og matminister, Lars Peder Brekk (Senterpartiet), på ein arbeidssesjon i samband med ministermøtet i WTO, melder Landbruks- og matdepartementet.

Lars Peder Brekk sa at førsteprioritet for arbeidet i WTO, er å avslutte Doha-runden på ein balansert måte. Han la vekt på nasjonal matproduksjon som det viktigaste instrumentet for å oppnå mattryggleik, og at det difor er behov for å finne ein fornuftig balanse mellom liberalisering og nasjonale omsyn.

Brekk sa også at WTO som system kan styrkast innanfor gjeldande reglar. Han sa mellom anna at Noreg støttar ein gjennomgang som inkluderer effektivitet og openheit i WTO. Arbeidssesjonen, som var open for alle medlemsland, hadde som formål å gje signal om WTO si rolle og innspel knytt til WTO-forhandlingane.

Les meir:
Heile innlegget frå Lars Peder Brekk kan lesast her:

Review of WTO activities, including the Doha work programme