MS Haugefisk til Shetland med utstilling om pigghåfisket

Del saken

Måndag set MS Haugefisk kursen mot Shetland for å delta på sommarfestivalen Johnsmas Foy i Lerwick.

Med på turen fylgjer utstillinga "Longlining for dogfish", og ein presentasjon av Kystmuseet.

- Vi blir 14 deltakarar på den vekeslange turen, fire frå museet, og resten frå miljøet rundt Haugefisk, fortel konservator Bjørn Fjellheim til Firdaposten.

Den 105 fot lange MS Haugefisk, er ein fyrstegenerasjons- shelterdekka autolinebåt.