Krabbaktig gode kolonistar

Del saken

Spøkelseskreps er ein nykomar som blant anna stortrivs på oppdrettsnøter. Foto Nils Aukan / Havforskingsinstituttet
Spøkelseskreps er ein nykomar som blant anna stortrivs på oppdrettsposar.
Foto Nils Aukan / Havforskingsinstituttet


Krepsdyr, og spesielt krabbe, er overlegne i hæren av invaderande artar: Dei toler lange reiser, er utstyrt med rustning og skremmande våpen, og et det som måtte stå på menyen.

Les også: 2700 meter under havets overflate 27.11.2009

Det er gjort ikkje stadfesta observasjonar av ullhandskrabbe i Mandalselva. I nord regjerer kongekrabben, og etter kvart har snøkrabben også begynt å markera seg i våre havområde, melder Havforskingsinstituttet på sine nettsider.

Forskarane veit ikkje kor langt desse eksotiske artane kan koma til å vandra. Nyleg er det meldt om ein mogleg observasjon av kinesisk ullhandskrabbe i Mandalselva. Skulle observasjonen visa seg å vera riktig, kan det tyda på at arten er på veg nordover frå kjente bestandar i Tyskland og Danmark.

Krepsdyr klarar seg

– Krepsdyr er mykje på farten og lukkast oftare enn dei fleste dyregrupper å etablera seg i nye område. Forklaringa er å finna i deira biologi, økologi, åtferd og helse, seier Gro van der Meeren, som er forskar ved Havforskingsinstituttet.

Menneskelege faktorar spelar ei viktig rolle for utbreiinga. Skipstrafikk, handel, nye utvekslingsvegar (til dømes kanalar og endra elveløp) og bevisst utplassering fører til at organismar vert spreidde mellom ulike verdsdelar og -hav.

Fast etablerte og sporadisk

Nokre av dei skalkledde er openlyst importert, andre klorer seg til skipssider, overlever månadsvis i ballastvatn eller lurer seg inn som blindpassasjerar på skjel og tang. Berre i Noreg er det dei siste tretti åra registrert fem nye artar: Kongekrabbe, spøkelseskreps og snekrabbe som er på ulike stadium av etablering. Amerikansk hummar og ullhandskrabbe er berre er funnen spreitt og sporadisk.

– Andre vi bør sjå opp for er ein stor rurart og ein japansk strandkrabbe som no er etablert langs kysten i Europa. Sistnemnde er førebels ikkje dokumentert i Noreg.

Vinn eller forsvinn

Det er ikkje noko nytt fenomen at levande organismar følgjer med menneska på deira ferd rundt om på kloden. Problema med kaninar i Australia er kjende. Dei er ein av fleire nye artar som har ført til økologiske endringar og store økonomiske tap i dei nye leveområda. Suksessfull etablering er likevel ikkje regelen om ein art hamnar på vidvanke.

– Dei fleste artar som kjem til ein ny stad forsvinn utan å setja spor etter seg. Dei er utrusta for eit heilt bestemt miljø og klarar ikkje å omstilla seg til andre omgjevnader, forklarar Gro van der Meeren.

Geskjeftige innflyttarar

Så altså ikkje for dei opportunistiske krepsdyra. Vel framme er dei i stor grad tilpassingsdyktige i høve til temperatur, saltinnhald og føde. Dei mest geskjeftige innflyttarane sørgjer også for at omgjevnadene tilpassar seg dei. Det vert grave, skyve og flytta rundt på gjenstandar. Eit godt døme er ullhandskrabba som lagar tunnelar slik at elvebreidda om den ikkje finn anna skjul. Skulle elvebredda skli ut, så grev dei berre nye hol.

Vår eigen strandkrabbe har vist seg å være ein av dei mest vellukka invasjonsartane i verda. Den er no observert i alle verdsdelar, og har blant anna ført til at sniglar har fått tjukkare skal og endra samansetninga for samfunn av botndyr langs nordaustkysten av Amerika.

Aggressive strandkrabbar

Krepsdyra har fleire våpen på lager når dei skal ta over nytt land. Luktestoff, så kalla feromon, vert nytta som lokkemiddel for å føra hoer og hannar saman for paring. Den utmerkte luktesansen hjelper dyra i ein spreitt bestand å finna kvarandre.

Velutvikla klør og høgt aggresjonsnivå er føremon som til dømes har hjelpt ulike strandkrabbar med å jaga vekk lokale konkurrentar.

Ingen feinschmecker

Gro van der Meeren fortel at krepsdyra er svært takksame i matvegen.

– Fødevalet til krepsdyra er som regel veldig variert. Det betyr at det sjeldan eller aldri er mattilgangen som stoppar ei nyetablering.

Det er også liten sjanse for at nykomarane vert etne av dei innfødde.

– Rovdyr og parasittar i eit økosystem er tilpassa det naturlige byttedyrutvalet. Derfor vil ikkje høgt spesialiserte rovdyr angripa ein ny art. Det tek tid før økosystemet endrar seg slik at mindre spesialiserte artar kan nytta seg den nye ressursen.

Manglar hinder

Introduserte artar er rekna som den nest største trusselen mot biologisk mangfald, etter habitatsforringning. Spreiing av sjukdom og parasittar er også ein del av trusselbiletet. Trass i ein del gode intensjonar, er det enno ikkje på plass eit tilstrekkelig effektivt hinder mot transport av vatn og dei skapningane som følgjer med vatnet, fortel Gro van der Meeren til Havforskingsinstituttet sine nettsider.