Strengare miljøkrav til Måløy Sildoljefabrikk

Statens Forurensningstilsyn har etter klage frå nabo, gjort om eit vedtak frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, og fastsett strengare krav for luktutslepp frå Måløy Sildoljefabrikk AS.

Grensa for lukt frå bedrifta er av Statens Forurensningstilsyn no skjerpa frå 15LE/m3 til 10LE/m3.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gav den 24. oktober 2007 nytt utsleppsløyve etter ureiningslova, til Måløy Sildoljefabrikk AS. Grensa for luktutslepp vart sett til 15LE/m3. Denne grensa vart sett med bakgrunn i tidlegare klageavgjerd i ei Miljøverndepartementet.

Dette punktet i utsleppsløyvet vart påklaga av ein nabo, og det vart sett fram krav om ei grense på 5LE/m3.

Statens Forurensningstilsyn (SFT) har no handsama klagesaka, og fastsett utsleppsgrensa til 10LE/m3. Denne avgjerda er endeleg, opplyser Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.