– Rapporten etter årets teljingar i sjøfuglreservata viser at hekkebestandane av sjøfugl i Sogn og Fjordane framleis er kritisk svake.
– Næringsmangelen i Nordsjøen ser ut til å ha fått eit permanent preg, Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
– Økosystemet i Nordsjøen har i fleire år no vore så ute av lage at sjøfuglane med sin utsette posisjon øvst i næringskjeda har fått store problem. Teljingane av sjøfuglar på hekkeplassane i Sogn og Fjordane i sommar viser at det ikkje er teikn til betring, seier Tore Larsen på Miljøvernavdelinga.
Tobis står sentralt i økosystemet
– Tidlegare teljingar har vist at hekkebestandane av sjøfugl varierer på ein måte som samsvarer med mengda av tobis i Nordsjøen. Tobis er eit fiskeslag som står sentralt i økosystemet som viktig næring - direkte og indirekte - for både fugl og fisk. Normalt skulle det ha vore milliardar av tobis i Nordsjøen, der dei er viktig sesongføde for fleire fiskebestandar, fortel Larsen.
– Men tobisen har også vore eit viktig råstoff for fiskemel- og fiskeoljeindustrien, som m.a. forsyner oppdrettslaksen med fôr. I Sogn og Fjordane et oppdrettslaksen åleine eit tonn fisk for kvar kilo som går til sjøfuglane, fortel Larsen.
– Ukontrollert rovfiske
– Dei fuglane som hekkar langs kysten av Sogn og Fjordane et nok i avgrensa grad direkte av tobisbestandane på bankane i Nordsjøen, men nokre lever av fiskeslag som et tobis, og andre igjen et organismar som tobisen påverkar direkte eller indirekte. Da både tobis og sjøfuglar kollapsa fullstendig rundt heile Nordsjøen i 2004 etter ukontrollert rovfiske på både yngel og vaksenfisk, blei det i ein periode stengt for tobisfiske i Norsk sektor.
– Sjøfuglbestandane svarte med ei langsam oppbygging i dei to åra stenginga varte, men dessverre fekk ikkje tobisen fred lenge nok. Fisket blei opna igjen sommaren 2007 (midt i ein lovande hekkesesong for sjøfuglane), og det blei tatt ut så mykje tobis at fisket måtte stengast på ny året etter for å berge restane av bestanden, fortel Larsen.
– Hekkebestandane av sjøfugl følgde nok ein gang som hand i hanske, og gjekk ned ikkje berre i 2008, men også i 2009. Det hjelpte ikkje at tobiskfisket blei halde stengt i år.
På figuren ovanfor er fangstdata for tobis (tonn landa i norske hamner) vist med blå søyler, mens hekkebestand av sjøfugl i Sogn og Fjordane er vist med svart. Når tobisfisket er lite, aukar hekkebestanden. Når fisket aukar, går hekkebestanden ned. Figur: Miljøvernavdelinga - Fylkesmannen i Sogn og Fjordane).
– Rovfisket på ein allereie svak bestand av tobis, og ringverknadane av dette i økosystemet, førte til at sjøfuglane i år endå ein gang måtte ty til erstatningskost. I år prøvde mellom andre gråmåsen å fore opp dei nyklekte ungane sine med reker, men utan særleg suksess. Fleire stader blei det funne ihelsvoltne måseungar mellom haugar av oppgulpa småreker, fortel Larsen.
– Fisken forsvinn etter taretråling
– Fylkesmannen og Statens Naturoppsyn har no talt opp hekkebestandane i sjøfuglreservata gjennom seks sesongar. Næringsmangel er den einaste faktoren som kan forklare problem over så store område som vi ser no, men med åra begynner vi dessutan å få data som peiker på lokale påverknader frå til dømes taretråling. I tråla område forsvinn fisken, og dette er eit problem særleg for toppskarv og teist som finn maten sin i tareskog. Både talet på reir og talet på egg i skarvereira går ned etter at tareskogen rundt hekkeplassane har blitt hausta, meiner Larsen.
I 2009 blei det gjennomført teljingar av hekkande fugl i 45 sjøfuglreservat i Sogn og Fjordane. For 16 ulike artar av sjøfugl har hekkebestanden sidan ”normalåret” 1995 gått tilbake med meir enn 90 prosent for fem artar (ærfugl, gråmåse, krykkje, raudnebbterne, makrellterne), fem artar har gått tilbake mellom 50 og 90 prosent (havhest, toppskarv, svartbak, sildemåse, lunde), mens fem artar har gått tilbake mellom 25 og 50 prosent (tjeld, tjuvjo, fiskemåse, alke, lomvi). Ein art (teist) har hatt litt framgang sidan 1995, men dessverre hadde den allereie den gangen vore gjennom ein tilbakegang på 70 prosent, opplyser Larsen.