Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter ål i 2010.
Les også: Foreslår forskrift om forskningsfangst av ål 11.12.2009
På grunn av den alvorlege bestandssituasjonen vart det i 2009 innført forbod mot fiske etter ål for fritidsfiskarar. I 2010 vert det innført eit lisensiert overvakingsfiske etter ål innafor ei ramme på 50 tonn, der berre utvalde yrkesfiskarar vil få høve til å delta, opplyser Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.
Situasjonen for den europeiske ålen har blitt sterkt forverra dei siste åra, og Det internasjonale råd for havforsking (ICES) har tilrådd ein stor reduksjon i haustinga så snart som mogleg.
For å halde streng kontroll med uttaket og samstundes samle informasjon om bestandsutviklinga, vert det i 2010 innført eit overvakingsfiske med tildelte kvotar og med geografisk fordeling i samsvar med følgjande tabell:
|
Fylke |
Kg ål |
Talet på fiskarar |
Sum kg ål |
|
Østfold |
1 500 |
6 |
9 000 |
|
Oslo/Buskerud/Akershus |
1 500 |
1 |
1 500 |
|
Vestfold |
1 500 |
4 |
6 000 |
|
Telemark |
1 500 |
2 |
3 000 |
|
Aust-Agder |
1 500 |
5 |
7 500 |
|
Vest-Agder |
1 500 |
5 |
7 500 |
|
Rogaland |
1 000 |
11 |
11 000 |
|
Hordaland/Sogn og Fjordane |
1 000 |
8 |
8 000 |
|
42 |
53 500 |
Fangstperioden vil vere frå 1. mai til 30. november 2010.
For å kunne ta del i overvakingsfisket må det sendast søknad på fastsett skjema til Fiskeridirektoratet, region Sør innan 1. februar 2010.
Prioritering av deltakarar vil mellom anna skje på bakgrunn av historisk registrerte fangstar i perioden 2006-2008.
Utarbeidinga av opplegg og kriterium for deltaking har gått føre seg i nært samarbeid med representantar frå fleire delar av næringa.
Målet med eit overvakingsfiske er at ein så langt det er mogleg innafor ei berekraftig ressursforvaltning skal halde i hevd ein haustingstradisjon, samstundes som næringa sjølv gjennom dette vil ta del i bestandsovervakinga.
Saman med tildelte lisensar vil det følgje ei utvida plikt til rapportering til Havforskingsinstituttet, og data frå fisket vil bli brukt som kjelde til bestandskartlegging.