Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter uer i ICES’ statistikkområde I og II utanfor nokon stat sin jurisdiksjon i 2010.
Når det gjeld fisket etter uer i norsk økonomisk sone vert det vist til forskrift om utøving av fisket i sjøen, opplyser Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.
På grunn av bestandssituasjonen vert gjeldande reguleringsordningar for fisket etter uer i norsk økonomisk sone nord for 62°N vidareført, slik dei går fram av utøvingsforskrifta. Det vil mellom anna seie at forbodet mot å fiske uer med trål nord for 62°N vert ført vidare.
Det same gjeld bifangstreglane, som inneber at ein heller ikkje i 2010 kan ha meir enn 15 prosent innblanding av uer i fisket med trål og 20 prosent innblanding i fisket med konvensjonelle reiskapar, i fisket etter andre artar. Sjå nedst for aktuelle paragrafar i utøvingsforskrifta.
Reguleringane når det gjeld fisket etter uer i ICES’ statistikkområde I og II vert fastsett i samsvar med vedtak i Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen NEAFC. Det vil seie at med unntak frå eit generelt forbod mot fiske i området, kan landa i NEAFC fiske ein samla kvote på 8600 tonn mellom 15. august og 1. desember 2010. Fisket vert regulert som eit olympisk fiske i denne perioden.
Berre fartøy som har tilgang til å ta del i dette fisket i år, vil kunne ta del i 2010.
Oversikt
Aktuelle paragrafar i utøvingsforskrifta vedrørande fiske etter uer i Noregs økonomiske sone:
Generelt forbod mot å fiske uer med trål: | § 15 bokstav (d) |
Fredingstid: | § 34 (3) |
Forbod mot å fiske med stormaska trål i nærare avgrensa område: | § 15 bokstav (e) |
Maskevidde i stormaska trål: | § 3 |
Forbod mot å fiske vassild og kolmule med småmaska trål i nærare avgrensa område: | § 16 bokstav (c) |
Bifangst ved fiske med stormaska trål: | § 36 (1) |
Bifangst ved fiske etter vassild utanom områda nemnd i § 16 (c): | § 37 (4) |
Bifangst ved fiske med konvensjonell reiskap: | § 39 (1) |