Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter tobis i 2010.
I tråd med tilrådingar frå havforskarane er det fastsett forbod mot direkte fiske etter tobis, opplyser Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.
På bakgrunn av den dårlege bestandssituasjonen har Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet i samarbeid med næringa arbeidd med ein ny forvaltningsmetode for tobis.
For at havforskarane skal kunne innhente nødvendig og verdifull informasjon til dette arbeidet vert det derfor opna for eit prøvefiske i 2010 i eit avgrensa område innanfor ein kvote på 20 000 tonn.
Det er venta at ein ny områdebasert forvaltningsmetode for tobis vert nytta frå 2011.
Fish.no omtala tidlegare i dag ein rappport frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, som peika på at låg bestand av tobis medføre dårleg næringstilgang for sjøfugl.
Les også: – Ingen betring for sjøfuglane 14.12.2009