Kan bruke sebrafisk som modellfisk ved giftstudiar

Del saken

Ny doktorgrad: Rasoul Nourizadeh-Lillabadi har synt at sebrafisk kan brukast som modellfisk for å studere kva for effektar økotoksin har på lokal fisk i Noreg.

Økotoksineffektar på fisk.

Økotoksineffektar på fisk. Plansje: NMBU Veterinærhøgskolen

Giftstoffa som blei nytta i arbeidet, stamma frå produksjonsvatn frå offshoreindustrien og frå organiske stoff som hadde hopa seg opp i levra hos lake i innsjøane Mjøsa og Losna, melder Norges veterinærhøgskole.

Sebrafisk

Sebrafisk. Foto: NMBU Veterinærhøgskolen
Sebrafisk. Foto: NMBU Veterinærhøgskolen

Sebrafisk er ein liten akvariefisk som nyttast som modellorganisme i stadig aukande grad på fleire område: I grunnleggjande biologisk forsking, som modell for sjukdom hos menneske, i industriell utprøving av lækjarmiddel og no også innan økotoksikologiske undersøkingar.

Mikromatriseanalyse

For ei rekkje av desse bruksområda er det heilt nødvendig med tilgang til presise mikromatriseanalysar som kan reproduserast. Mikromatrise er ein teknologi som blir brukt  til å måle mengda av mange ulike genprodukt (mRNA) i eit enkelt eksperiment.

Nourizadeh starta doktorgradsarbeidet sitt med å etablere ein mikromatriseanalyse for bruk på sebrafisk. Seinare i arbeidet blei metoden nytta til å studere endringar i genutrykket hos sebrafisk som var eksponert for to ulike typar av miljøgifter.

I den første studien blei sebrafisk eksponert for blandingar av polyaromatiske hydrokarbon (PHAs) og  alkylfenolar (Aps) i produksjonsvatn frå norsk offshore olje- og gassverksemd. I den andre studien blei sebrafisken utsett for naturlege blandingar av persistente organiske forureiningsstoff som er akkumulert i levra hos lake frå innsjøane Mjøsa og Losna.

Observerte effektar

I eksponeringsstudiane blei effektar som dødstal, misfostre, endring av kroppsvekt, forskyving i kjønnsfordeling og kjønnsmogning observert. Desse effektane var i samsvar med det man fann av endringar i genuttrykket. Til dømes avslørte genanalysane effektar på reproduksjonssystemet samt feitt- og karbohydratstoffskiftet til sebrafisken i begge eksponeringsstudiane.

Fish.no har tidlegare omtala ei anna doktorgradsavhandling, om bruken av mikromatrise for å undersøke uheldige effektar av miljøgifter i torsk.

Les også: Undersøker effekter av miljøgifter i torsk 28.10.2009

Rasoul Nourizadeh-Lillabadi. (Foto: Norges veterinærhøgskole).
Rasoul Nourizadeh-Lillabadi. (Foto: Norges veterinærhøgskole).

Personalia

Rasoul Nourizadeh-Lillabadi kjem frå Iran og har budd i Noreg sidan 1987. Han har studert ved Oslo ingeniørhøgskole og har seinare teke hovudfag i biokjemi ved Universitetet i Oslo.

Etter seks år som avdelingsingeniør ved Noregs veterinærhøgskole, har han dei siste åra vore tilsett som stipendiat ved Institutt for basalfag og akvamedisin same stad.