Krillkjempe klar for Sørishavet

Del saken

Krilltråleren Thorshøvdi. Foto: Krillsea Group AS
Krilltråleren Thorshøvdi. Foto: Krillsea Group AS

Krilltrålaren Thorshøvdi er no ferdig ombygd ved Fiskarstrand Verft, frå containerskip til fabrikktrålar, og klar for fangst av krill i Sørishavet.

Etter planen vil skipet sette kurs for Sørishavet rundt midnatt 14. desember 2009.

Reiarlaget Krillsea Group AS, tidlegare Krill Seaproducts AS, i Fosnavåg, er ein av tre norske aktørar med konsesjon for krillfiske, skriv Herøynytt.

NRK har tidlegare omtala fartøyet som Landets største fiskebåt.

Thorshøvdi har ei total lengde på 133,80 meter, ei breidde på 19,87 meter, og høgaste isklasse.

250 tonn per døgn

Ombyggingsarbeidet av det ti år gamle hollandske tørrbulk- og containerskipet, er gjennomført av Fiskerstrand Verft AS, i samarbeid med joint venture partnaren Western Shipyard i Litauen. Fabrikken har ein kapasitet på om lag 250 tonn ferdig produkt per døgn skriv Herøynytt.

Skipets lastekapasitet er på 8 000 m3 pluss 800 m3 i produkttankar, totalt ca. 6.000 tonn. 100 prosent av krillsubstansen vert nytta, og kun vatn vert fjerna frå råstoffet.

860 mill. kroner

Prislappen har stadig krype oppover og enda på 860 millionar kroner, skriv Sunnmørsposten.

- Det har handla om å få det godt nok. Vi ville ikkje dra av garde før vi var trygge på at alt fungerer, seier dagleg leiar i Krillsea Group AS, Even T. Remøy, til avisa.

Største investor er finansmannen Arne Blystad, skriv avisa.