Fastsette regulering av fisket etter vassild

Del saken

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter vassild i 2010.

På bakgrunn av ny kunnskap om bestanden, som tilseier at ein del av bestanden vandrar inn i Nordsjøen utanom gyteperioden, er reguleringa i år utvida til å gjelde heile Noregs økonomiske sone.

Nord for 62°N vert det fastsett ein totalkvote på 12 000 tonn, før frådrag av forskingskvote på 300 tonn.

Fisket vert opna 15. februar 2010. Kvoten vert vidareført på same nivå som i 2009 og vert sett til 12 000 tonn, der 1755 tonn skal fiskast etter 17. mai. Fartøy med vassildtrålløyve får maksimalkvote på 600 tonn.

Bifangstadgangen for fartøy utan vassildtrålløyve vert redusert til 10 prosent innblanding av vassild ved fiske etter andre artar. Det same gjeld fartøy med vassildtrålløyve etter at maksimalkvoten er oppfiska eller fisket eventuelt vert stoppa.

Les meir:
Forskrifta kan lesast her:

Forskrift om regulering av fisket etter vassild i Norges økonomiske sone i 2010