Forskar på evolusjonære verknader av fiske og vern

I område med hardt fiske, havnar ofte storfisken med dei gode genane i garnet. Dårlegare utrusta fisk blir igjen for å føre slekta vidare.

– Som ubevisst avl, seier forskar Espen Moland Olsen, ved Havforskingsinstituttet.

Moland Olsen skal no finne ut om marine verneområde også kan fungere som vern for det beste arvematerialet, melder Havforskingsinstituttet.

– Medan ein i landbruket bevisst dyrkar fram premieindivida, blir det motsett effekt i havet, forklarar Espen Moland Olsen.

– Når vi fiskar, vert nokon gytarar plukka vekk, medan andre overlever. Det er i hovedsak dei store individa, som gjev god pris, som vert fiska opp. Tilbake i havet er dei små individa som gyter færre og dårlegare egg.

I og utanfor reservat

Espen Moland Olsen høyrer til faggruppe Populasjonsgenetikk og økologi ved Havforskingsinstituttet. Han leier eit prosjekt som skal undersøkja økologiske effektar som vekstrater og fekunditet hos hummar som lever i og utanfor reservat.

Vidare vert det sett på kva evolusjonære effektar ein kan finna på individ som er utsette for fiske og dei som er verna.

Prosjektet går over fem år og er finansiert av Norges forskningsråd.

Overførbart til fisk

Forskinga skjer på hummar, som førebels er den einaste arten som er beskytta i eigne verneområde i Noreg.

Resultata er overførbare til torsk og andre marine artar som deler hummaren si livshistorie med frittflytande larvestadium og eit meir stadbunde tilvære som voksen.

Vanskeleg å reversera

Fiskeria utgjer i mange tilfelle den største dødelighetsrisiko for fisk, og kan resultera i eit strengt seleksjonspress i bestandane. Seleksjonen kan gje seg evolusjonære utslag som redusert vekstrate og tidlig kjønnsmodning. Slik utvikling er alt bevist for kortlevde artar, og det er indikasjonar på det same for langlevde artar som torsk, fortel Moland Olsen.

Han peikar på at det ligg føre forsking som viser at evolusjonær endring kan skje innafor levetida til eit menneske, så kalla samtidsevolusjon.

– Dette er endringar som skjer raskt, men som er vanskeleg å reversera. Det kan ta mange generasjonar å snu utviklinga. I verste fall lukkast ein ikkje.

Ingen norsk tradisjon

Historisk sett har det vore ei forestilling om at fiskebestandane i dei nordlege havområda er store og nærast utømelege. Dessutan har dei ei pelagisk åtferd som gjer det vanskeleg å driva områdebasert vern.

Bestandane er forvalta med hjelp av tradisjonelle verktøy som kvoteregulering og fangstreiskapar. Moland Olsen peikar på at verneområde for fisk, også kan nyttast for sårbare bestandar i våre farvatn.

– Etter kvart veit vi at til dømes kysttorsk er særs stadbunden med nærast ein bestand for kvar fjord.

Grunnleggjande kunnskap

I tillegg til dei tre norske verneområda frå 2006 er det eitt svensk reservat med i forskingsprosjektet. For dette området har ein data attende til 1989.

– I første fase ser vi kven som blir fanga og kven som overlever. Vi har jo ei forventing om at store individ i større grad vil overleva inni reservata, men vi veit det ikkje. Prosjektet vil skaffa oss grunnleggjande kunnskap om verneområde kan virka.

Vidare skal ein samanlikna talet på store individ, reproduksjonssuksessen hos hannane og produktiviteten til hoene innanfor og utanfor verneområda.

Bakgrunn

Økologiske funksjoner av marine verneområde

  • ”Understanding fitness effects of harvesting and protection of coastal marine resources, PROMAR” er tildelt 10 millionar kroner i støtte frå Norges Forskningsråd.
  • Pengane kjem frå forskningsrådet si nasjonale finansieringsordning for prosjekt som er kvalitetssikra til ”Starting Grants” i regi av det Europeiske forskningsråd, men som manglar finansiering.
  • Prosjektet koblar forsking på marine verneområde med evolusjonære effektar av fiskeri. Dei marine verneområda fungerer som storskala felteksperiment, som gjer det mogeleg å finna eventuelle biologiske skilnader på hausta og ikkje hausta område.

Marine verneområde

  • Havområde som er freda på same måte som reservat på land. Områda er verna mot kommersielt fiske og anna næringsverksemd, slik at utsette bestandar og økosystem kan gjenoppbyggast.
  • Det mest kjende marine verneområda internasjonalt er korallreva langs nordausttkysten av Australia, også kjend som ”Great Barrier Reef”.
  • I Noreg er det per i dag ikkje sett av marine verneområde for fisk.
  • I 2006 vart det oppretta tre hummerreservat; eit utanfor Arendal, eit i Bolærne i Vestfold og eit ved Hvaler i Østfold.
  • Dei tre reservata utgjer til saman vel tre kvadratkilometer.

Kjelde: Havforskingsinstituttet.