Regulering av fisket etter NVG-sild

Del saken

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i 2010.

Reduserer kvoten

Den norske totalkvoten av norsk vårgytande sild (NVG-sild) minkar frå 1.002.230 tonn i 2009, til 904.630 tonn i 2010, opplyser Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.

Det er avsett eit kvantum på 3090 tonn sild til forsking- og undervisningskvotar og 1000 tonn sild til agnkvotar før fordeling på fartøygruppene. Dette er for å sikre at heile den norske fangsten skjer innanfor den norske totalkvoten.

Kvotebyte

Når det gjeld overføring av 10.000 tonn sild til Russland, vert dette gjennomført på gruppenivå, utelukkande for ringnot- og trålgruppa. Dei same gruppene får tilbake 30.000 tonn lodde. Kvotebytet vil såleis ikkje gjelde kystgruppa. Det er sett av 2.000 tonn av kystflåten sin gruppekvote til fartøy som deltek i open gruppe før fordeling til fartøy i lukka gruppe.

Fartøy i ringnotgruppa, trålgruppa og kystgruppa får ein maksimalkvote med eit garantert kvantum i 2010. Den norske kvoten er fordelt med 461.823 tonn til ringnotgruppa, 97.318 tonn til trålgruppa og 331.399 tonn til kystgruppa.

Kvotestigen for fartøy i kystgruppa går frå 82,50 tonn med garantert kvantum på 62,50 tonn for fartøy under sju meter til 1386 tonn med garantert kvantum på 1050 tonn for fartøy på 26 meter og over. Fartøykvotane for ringnot og trål vert fastsette etter same nøkkel som i 2009.

Les meir:
Forskrift om regulering fisket etter norsk vårgytende sild 2010