Vernetiltak og gjenreisingsplan for kystorsk

Fiskeri- og kystdepartementet vil tidleg i 2010 fastsetje nye tiltak som skal sikre ei gjenreising av kysttorskebestandane nord for 62°N.

Hausten 2009 har det vore gjennomført ein omfattande høyringsprosess, og dei ulike forslaga og høyringssvara er no til vurdering i departementet. Inntil vidare vert vernetiltaka for 2009 forlenga inn i 2010. Eit sentralt element i den nye kysttorskeforvaltninga er ein gjenreisingsplan som skal vurderast av Det internasjonale råd for havforsking ut i frå føre-var-prinsippet, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

Det er viktig å halde oppe og styrkje torskebestandar som gyt lokalt. Kysttorsken er viktig for økosystema langs kysten, og er samtidig grunnlaget for ein stor del av kystfisket. Hovudutfordringa er å få til ei regulering som reduserer uttaket av kysttorsk, samtidig som det er råd å halde oppe eit tradisjonelt fiske og næringsaktiviteten langs kysten. På lang sikt er det i alle si interesse å ha sterke, lokale torskebestandar.

Fiskeri- og kystdepartementet har på bakgrunn av tilstanden til bestanden, og etter råd frå Havforskingsinstituttet og Det internasjonale råd for havforsking (ICES), innført ei rekkje vernetiltak for å avgrense yrkesfisket og fritidsfisket av norsk kysttorsk. Dei første tiltaka vart innførte i mai 2004 og er sidan utvida og justerte. ICES har lenge etterlyst ein gjenreisingsplan for kysttorsk, og har også i rådet for 2010 tilrådd nulluttak i mangel på ein gjenreisingsplan for bestanden.

Vil etablere gjenreisningsplan

Fiskeri- og kystdepartementet vil følgje opp denne tilrådinga ved å etablere ein gjenreisingsplan for norsk kysttorsk. Departementet legg til grunn at dei ulike vernetiltaka som er innførte for kysttorsk kan inngå som sentrale element i ein slik plan.

Det er også klart at eksisterande tiltak ikkje er tilstrekkelege for å sikre ei gjenreising av bestandane, og det må difor leggjast til grunn at det vil vere behov for sterkare tiltak enn dei som er innførde til no.

Nye reguleringstiltak

Departementet vil tidleg i 2010 fastsetje nye reguleringstiltak på bakgrunn av høyringa hausten 2009, samtidig vil vi sende gjenreisingsplanen for kysttorsk til ICES. Målet er at ICES kan basere rådgjevinga si frå og med 2011 på den nye gjenreisingsplanen. I påvente av dette vert kysttorsketiltaka frå 2009 vidareførte.

Departementet vil i løpet av 2010 også fastsetje nye reguleringstiltak for vern av kysttorsk sør for 62°N, på strekninga Svenskegrensa - Stad. Også her har det vore ei brei høyring i 2009, og det ligg føre ein omfattande rapport frå Havforskingsinstituttet.