Regulering av fisket etter sild

Del saken

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter sild sør for 62° N i 2010.

Den norske totalkvoten av nordsjøsild er på 52 162 tonn, av dette 47 647 tonn i Nordsjøen og 4515 tonn i Skagerrak, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

Det er avsett eit kvantum på 1220 tonn til forskings- og undervisningskvotar og 1207 tonn til tredjeland.

Den norske kvoten er fordelt med 3481 tonn til trålgruppa, 7000 tonn til kystgruppa og 39 254 tonn til ringnotgruppa. Av ringnotgruppa sin del går 36 898 tonn til fartøy med ringnotløyve og 2355 tonn til SUK-gruppa.

Trålgruppa sin kvote for 2010 går til å dekkje innblanding av sild i fisket med småmaska trål etter kolmule, augepål og tobis. Dersom bifangst av sild vert mindre enn trålgruppa sin kvote, kan Fiskeridirektoratet etter 1. november 2010 i samråd med næringa opne for eit direktefiske etter sild på det kvantumet som er igjen for å sikre at gruppekvoten vert oppfiska.

Det vert avsett 150 tonn til fartøy i open gruppe i kystgruppa, med maksimalkvotar på 10 tonn. Kvotestigen for fartøy i lukka gruppe går frå 8,0 tonn med garantert kvantum på 5,7 tonn for fartøy under sju meter til 128,0 tonn med garantert kvantum på 91,2 tonn for fartøy mellom 21 meter og 21,35 meter. Fartøykvotar for ringnotgruppa og SUK-gruppa vert fastsette som i 2009.

Kvoteskjeringsdatoen for SUK-fartøy vert endra til 12. oktober.

Det vert vidare gitt løyve til samfiske til låssetjing innanfor grunnlinjene i Skagerrak.

Les meir:
Forskrift om regulering av fisket etter sild sør for 62 grader N