Regulering av fisket etter makrell

Del saken

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter makrell i 2010.

Les også: Brudd i fiskeriforhandlingene med EU 08.12.2009

Førebels er det ikkje kome i stand nokon kyststatsavtale med EU og Færøyane om makrellfiske.

Forskrifta som tek til å gjelde frå nyttår, vil derfor kunne endrast når ein slik avtale eventuelt kjem på plass, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

180 424 tonn

Den norske totalkvoten for makrell er fastsett til 180 424 tonn i 2010. Kvoten vert fordelt med 136 923 tonn til ringnotgruppa, 5641 tonn til trålgruppa og 33 611 tonn til kystfartøygruppa. Dessutan vert det avsett 3150 tonn til forskings- og undervisningsformål, 1000 tonn til agn og 100 tonn til dei som fiskar med landnot.

Hausten 2009 vart fisket for norske fartøy i EU-sona stansa, noko som har ført med seg at eit stort ufiska kvantum frå kvoten i 2009 står att ved nyttår. Dette kvantumet vert overført til 2010 på fartøynivå for ringnot- og trålfartøy og for kystnotfartøy over 13 meter største lengd. For dei andre gruppene vil overføringa skje på gruppenivå.

Norske fartøy kan ikkje fiske makrell i færøysk sone eller i EU-sona før nye avtalar er fastsette. For å sikre at fartøya kan tilpasse aktiviteten med omsyn til distribusjonen til bestanden, vert det i 2010 ikkje fastsett periodeavgrensing av fisket. Fisket vert derfor opna 1. januar 2010. Bifangst- og minstemålreguleringane vert som i 2009.

Reguleringa frå 2009 på gruppenivå vert førebels ført vidare, opplyser departementet.

Les meir
Forskrift om regulering av fisket etter makrell i 2010