Nye krav om fangstdagbok og sporing

Del saken

Frå 1. april 2010 blir det innført krav om elektronisk fangstrapportering for fartøy over 21 meter.

Sporingsplikta for fiskefartøy blir også utvida til å gjelde fartøy ned til 15 meter. 

Elektronisk fangstdagbok

Grensa for elektronisk fangstdagbok vil bli flytta ytterlegare ned frå 1. januar 2011, og kravet vil då omfatte fiskefartøy over 15 meter lengste lengde, melder Fiskeridirektoratet.

– Dette innebær ei forenkling av allereie eksisterande rapporteringsplikter ved at all rapportering no skal gjerast elektronisk. Dette gir nye mogelegheiter for styresmaktene til å følgje fiskeria nærare, og det gir samstundes fiskefartøya høve til å systematisere eigne data for eit meir effektivt fiske i framtida, seier seniorrådgivar Thord Monsen i Fiskeridirektoratet.

Planen var tidlegare at ordninga med elektronisk fangstdagbok skulle gjelde frå 1. januar 2010, men vart i november 2009 utsett til 1. april 2010.

Les også: Utset kravet om elektronisk fangstdagbok 12.11.2009

Posisjonsrapportering

Frå 1. mars vil fiskefartøy over 18 meter lengste lengde vere omfatta av sporingsplikta, og frå 1. Juni 2010 blir også fartøy ned til 15 meter pålagt posisjonsrapportering.

Frå før er alle fiskefartøy over 21 meter lengste lengd pålagde å sende rapport om posisjon til Fiskeridirektoratet.

– Dette inneber at nærare 700 norske fiskerfartøy vuil vere pålagt posisjonsrapportering frå og med 1. Juni 2010. Ved hjelp av posisjonsrapportering blir det innhenta opplysningar om fartøya sine geografiske posisjonar, i tillegg til opplysningar om fart og kurs på ulike tidspunkt. Formålet er å få betre oversikt over fiskeflåtens aktivitet på havet og på den måten sikre ein rasjonell ressurskontroll. Denne endringa vil også bidra til auka tryggleik på havet sidan hovudredningssentralen får tilgang til posisjonsdata, seier Monsen. 

Fiskebåt fekk delvis gjennomslag

Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) har fått gjennomslag for at garn- og linefartøya skal kunne rapportere fangst per døgn, som no. Det melder forbundet på sine nettsider. 

Derimot står direktoratet fast på at rapporteringstidspunktet for alle skal vere klokka 23.59.

– Dette vil medføre ei rekkje ekstra meldingar med korreksjonar, seier avdelingsleiar Webjørn Barstad i Fiskebåt. Med eit rapporteringstidspunkt tilpassa arbeidet om bord, kunne dette ha vore unngått, seier han.

Les meir
Sjå forskrifta på Lovdata sine nettsider:

FOR 2009-12-21 nr 1743: Forskrift om posisjonsrapportering og elektronisk rapportering for norske fiske- og fangstfartøy