Halvroten fisk nekta importert

Mattilsynet i Ålesund har nekta ein fiskeimportør å ta inn 118 tonn med Alaska-torsk til Noreg. Torsken var meint til klippfiskprodusentar på Sunnmøre, men delar av partiet hadde byrja å rotne.

Det er sjeldan ein finn så dårleg fisk, seier seniorinspektør Oddvar Kjell Røsvik i Mattilsynet til NRK Møre og Romsdal.

– Det var ein for stor andel av fisken som hadde feil til at vi kunne tillate han importert.

Kontrollen vart føretekne i slutten av mai, og i rapporten frå Mattilsynet står det at fisken er harsk, buktært, og har monaleg med lever- og/eller galleflekkar. Fisken var sprukken, blodsprengd, oppløyst i fiskekjøtet og hadde avvikande lukt.

Fisken er teken av amerikanske fiskarar utanfor den nordre delen av Alaska, skriv NRK.