Strukturkvoteordninga er evaluert

Del saken

Fiskeri- og kystdepartementet har evaluert strukturkvoteordninga for fiskefartøy mellom 11 og 15 meter.

Evalueringa viser at strukturkvoteordninga for fartøy med heimelslengde mellom 11 og 15 meter, har hatt svært små verknader når det gjeld distriktsmessig omfordeling, og at strukturkvoteordninga har vore meir effektiv til å ta ut kapasitet i fiskeflåten, enn den tidlegare kondemneringsordninga gjennom Strukturfondet, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

Evalueringa viser at struktureringa likevel har vore meir varsam enn i dei større fartøygruppene, slik målet også var, uttalar departementet.

Denne evalueringa vil saman med den tidlegare evalueringa av Strukturfondet, leggje grunnlaget for eit vidare arbeid med ei strukturkvoteordning for fartøy under 15 meter, opplyser departementet.

Evalueringsrapporten kan lastast ned frå departementet sine nettsider:

Evaluering av strukturkvoteordninga for fartøy med heimelslengde mellom 11 og 15 meter (pdf)

Kritisk til lovendring i 2007

Då Stortinget vedtok den nye strukturordninga for fiskeflåten i 2007, vart tidsuavgrensa strukturkvotar gjort om til tidsavgrensa kvotar (20 og 25 år). Fiskebåtredernes Forbund har meint og meiner at endringa kan vere i strid med paragraf 97 i Grunnlova, som set forbod mot å gje ei lov tilbakeverkande kraft.

Les også: Følgjer rederiskattsaka med argusauge 05.11.2009

Fiskebåtredernes Forbund har tidlegare også gjeve uttrykk for at kravet om kondemnering i samband med strukturering, har utspelt si rolle, og at kravet bør fjernast.

Les også:
Vil ha fjerna kondemneringskravet 23.07.2009