Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen skal denne veka ha møte med både Norges Fiskarlag og Fiskebåtredernes Forbund.
Tysdag 12. januar møter Berg-Hansen leiinga i Norges Fiskarlag.
På sakskartet står mellom anna dei spørsmåla som Norges Fiskarlag tok opp i eit brev til statsråden den 4. januar i år, vedrørande reguleringar av fisket i 2010.
I brevet synte fiskarlaget til at Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett fleire kvotereguleringar for 2010, som avviker frå Fiskarlaget sine tilrådingar.
Fiskarlaget bad då om eit møte med statsråden, for å drøfte fylgjande reguleringssaker:
- Regulering av fisket etter blåkveite.
- Regulering av fisket etter norsk vårgytande sild og lodde i Barentshavet (bytekvantum).
- Regulering av fisket etter torsk nord for 62°N - avsetning av kvantum til rekreasjonsfiske.
- Regulering av fisket etter sei sør for 62°N - pelagisk trål, nordsjøtrål, avgrensa nordsjøtrål.
- Regulering av fisket etter breiflabb - utvida fredingstid/ område.
I brevet vart det vidare synt til at Fiskarlaget har bedt om at det snarast vert etablert ei mellombels samfiskeordning i torskefiskeria, for den minste flåten, samt uttrykt ønskje om å få ta også denne saka opp med statsråden.
Fiskebåt møter statsråden onsdag
Onsdag er det Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) sin tur.
Representantar for Fiskebåt skal onsdag denne veka ha eit møte med fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen, melder forbundet.
Det er styreleiar Inge Halstensen og administrerande direktør Audun Maråk som skal møte statsråden.
– Fiskebåtredernes forbund har overfor Nærings- og handelsdepartementet og Fiskeridepartementet foreslått tiltak for å oppnå ei fornying av fiskeflåten. Fiskeri- og kystministeren har alt respondert positivt på forslaga, og det er naturleg at vi diskuterer rammene for å kunne fornye flåten. Då tenkjer eg på finansierings-, struktur- og fartyrammer. Ei fornying av flåten vil slå positivt ut også for miljøet, seier Fiskebåt-direktør Audun Maråk.
Nye forhandlingar med EU
– I neste veke blir det nye forhandlingar med EU, og den vidare strategien for forhandlingane vil vi ta opp på møtet med statsråden, seier Maråk.
EU og Norge skal frå tysdag 19. januar på nytt forhandle om ein fiskeriavtale for 2010. Ann Kristin Westberg skal leie den norske forhandlingsdelagasjonen under møta i Brussel i neste veke, opplyser Fiskebåtredernes Forbund.