Forhandlingsdelegasjonane for Fiskebåt og Sør-Norges Trålerlag, er samde om det aller meste i samband med at Trålerlaget vil inn i Fiskebåt som gruppeorganisasjon.
Det melder Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) på sine nettsider, etter at partane hadde eit møte i går.
Saka kjem opp på representantskapsmøtet i Fiskebåt i februar i år, og seinare på årsmøtet i Trålerlaget.
På møtet i går deltok Torstein Kvalsvik, Reidar Blakstad og Harald Østensjø frå Sør-Norges Trålerlag og frå Fiskebåt Inge Halstensen og Audun Maråk.
Spørsmål som blei diskutert, var blant anna representasjon og finansielle forhold.
– Tonen var god, vi er samde om det meste og berre detaljar står att før saka er klar for formell behandling i dei høgste organa i dei to organisasjonane, seier Fiskebåt-direktør Audun Maråk.
Opplegget er at Trålerlaget skal vere ein del av Fiskebåtredernes Forbund i løpet av året.