Knester-saka løyste seg

Del saken

Ringnotbåten Knester fekk i ettermiddag løyve til å gå til Egersund med 2000 tonn sild og avskjær. Saka løyste seg etter mellom anna eit møte i Sjøfartsdirektoratet i går.

Oppdatert

Det opplyser Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) på sine nettsider i dag.

Det var i går det vart meldt at fartøyet Knester låg i Bodø med ei last på 2.000 tonn, som Sjøfartsdirektoratet nekta ringnotfartøyet å føre frå Tromsø til Egersund.

Les også: Knester får ikkje føre sild sørover 13.01.2010

I møtet i går deltok styreleiar Inge Halstensen i Fiskebåt, Sildelags-direktør Johannes Nakken og dagleg leiar i Sør-Norges Trålerlag, Harald Østensjø.

Fiskebåt, Sildelaget og Trålerlaget har også teke initiativ til at forskrifta, som Sjøfartsdirektoratet brukte til å nekte Knester å føre fangsten frå andre båtar sørover, blir endra slik at liknande situasjonar ikkje oppstår i framtida, opplyser Fiskebåt.

Fekk løyve (oppdatert)

Ringnotfartyet Knester er no på veg frå Tromsø til Egersund, melder Fiskebåtredernes Forbund torsdag ettermiddag.

Sjøfartsdirektoratet ga i ettermiddag klarsignal for at Knester kan gå til Egersund, etter først å ha halde fiskefartøyet tilbake fordi båten ikkje skulle ha lov til å føre fangst frå andre farty.

Om bord i Knester reknar dei med å vere framme i Egersund sundag.