Skal gi opplæring i dynamisk posisjonering

Del saken

ÅLESUND: Rolls-Royce opna i dag sitt nye tilbod for opplæring i dynamisk posisjonering (DP) og automasjon- og kontrollsystem.

Opplæringstilbodet skal førebels halde til i lokala til Høgskulen i Ålesund, fram til det nye europeiske opplæringssenteret til Rolls-Royce står klart i 2011, skriv Skipsrevyen.

- Ettersom talet på fartøy med DP aukar, veks også behovet for personell som kjenner DP-systema, og som kan diagnostiserer problem og utføre vedlikehald. Det nye opplæringstilbodet vårt møter dette behovet, og vi har alt gjennomført fleire kurs. Kursa rettar seg både mot kundar og våre eigne serviceingeniørar, seier Geir Olav Otterlei, servicesjef for DP i Rolls-Royce.

Det nyopna tilbodet her mellom anna ein komplett DP2 operatørstasjon arrangert som ei akterbru på eit fartøy, skriv Skipsrevyen.