Vindmøller i tobisfelta

Doggerbank har dei klart rikaste og viktigaste tobisfelta i Nordsjøen, meiner fiskarar. Men snart kan vindmøller stenge fiskefelta.

– Blir det bygt ut med 2000 vindmøller på Doggerbank, vil dei viktigaste fiskefelta i Nordsjøen verta stengde for all framtid.

Det seier fiskar og fiskebåteigar Kåre Vea til Aftenbladet.no.

Han seier vidare at fiskeria på Doggerbank dei siste åra har gitt avgjerande driftsgrunnlag for trålfiskarane frå mellom anna Eigersund, Karmøy og Bømlo.

– Doggerbank har dei klart rikaste og viktigaste tobisfelta i Nordsjøen. Her blir det også fiska store mengder brisling og rødspette, samtidig som det er viktige oppvekstområde for sild og makrell, seier Vea.

– Eg er difor mildt sagt forundra over at britiske styresmakter saman med norske selskap brått kan setja fiskerinæringa, gamle næringstradisjonar og rettar til side. Slik saka er blitt framstilt i media finst her ingen konfliktar og det berre er å tura fram for bygging av klimavennlege vindmøller, seier Kåre Vea.

– I fjor fanga norske fiskarar 27.500 tonn med tobis på Doggerbank, opplyser dagleg leiar i Sør Norges Trålerlag, Harald Østensjø.

– Me kjenner ei viss avmakt i høve til dette veldige vindkraftprosjektet, som skal byggjast i britisk del av Nordsjøen, seier Østensjø.

– Me vil mellom anna bruka tida framover til å kartleggja brukarinteressene i området og gjennom dialog finna fram til løysingar som kan leggja grunnlag for sameksistens og minimering av potensielle konfliktar, seier Øistein Johannessen, informasjonssjef i Statoil, til Aftenbladet.no.