Tildelte prisar for formidling og publisering

Havforskingsinstituttet har delt ut årets formidlingspris og årets publikasjonspris.

Årets formidlingspris og årets publikasjon er heider som heng høgt på Havforskingsinstituttet, melder instituttet.

Dei to prisane vart delte ut då Havforskingsinstituttet gjennomførte sin årlege fagdag i Grieghallen. To eksterne juryar står for kåringa.

Formidlingsprisen

Terje van der Meeren - ein engasjert og kunnskapsrik torskekjennar- vart kåra til den fremste formidlaren i 2009.

– Han har vilje, iver og kunnskap nok til å stå fram som torskekjennaren, var blant godorda frå juryen til Terje van der Meeren.

Den eksterne juryen som tel Maren Esmark (WWF Norge), Anne-Mari Astad (Vitenskapsakademiet) og Øyvind André Haram (Fokus Bank) la elles vekt på Terje van der Meeren si evne til å nå ut til folket, at han er truverdig og engasjert.

– Gjennom kandidaten klarer Havforskingsinstituttets å svare godt for seg og ikkje minst fronte forskinga om vår ”nasjonalfisk”, skriv juryen i si grunngjeving.

Formidlingsprisen frå Havforskingsinstituttet, bør ikkje forvekslast med tilsvarande pris frå Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond (FHF), som Fish.no har omtala tidlegare.

Les også: Forskergruppe fikk FHFs formidlingspris 2009 30.11.2009

Publikasjonsprisen

Av dei 165 artiklane som vart publiserte i 2008, vart 17 nominerte til Havforskingsinstituttet sin publikasjonspris. Då finaleheatet var avvikla stod Kevin Glover att som vinnaren.

Beste publikasjon handla om genetisk sporing av rømt oppdrettslaks.

– Metodisk mest spanande og lovande etter vår vurdering, skriv juryen om Kevin Glover og medforfattarane sin studie av genetisk identifisering av rømt laks.

– Bra framstilling. Arbeidet peikar framover mot framtidige kontroll- og forvaltningsregimer der det vil bli lettare å spore kjelda til rømt fisk, og dermed lettare å redusere ein av dei største truslane for norsk villaks. Arbeidet har også heilt klare relevansar for andre artar i havbruk og fiskeri, uttalar juryen.

På andreplass og hakk i hæl, kom Svein Sundby og Odd Nakkens studie av dekadisk variasjon i skreiens gytefelt.

Trond Kristiansen og medforfattarane sin modellstudie av torskelarver, Calanus og oseanografi fekk ein respektabel tredjeplass.

I juryen sat Torstein Pedersen (Forskningsrådet), Stig Falk-Petersen (Norsk Polarinsitutt) og Jarl Giske (Universitetet i Bergen), opplyser Havforskingsinstituttet.