Fjordfiskar fryktar forlis

HJØRUNDFJORDEN: Fiskar gruar seg til ein ny torskesesong i skipsleia. I fjor gjekk det nesten gale.

Borgundfjorden er stengt for garnfiske, og truleg vert også Hessafjorden stengt for å verne den trua kysttorsken, skriv Sunnmørsposten på nett.

– Tusen års tradisjonsrikt fiske, som har sett ålesundsregionen på verdskartet, er radert vekk med eit pennestrok, seier Terje Blomvik, som er leiar for nyskipa Ålesund og Sula Fiskarlag, eit fiskarlag som er eit resultat av ein fusjon.

Les også: Kan stenge Hessafjorden for garnfiske 23.11.2009

– Underlagt same strenge krav som havgåande fartøy, vert vi tvinga til å søkje til havs for om muleg å tene til livets opphald – dersom vi overlever, seier Blomvik.

Han siktar til fleire episodar i fjor, i den sterkt trafikkerte skipsleia.

– Eg hadde opplevingar som set djupe spor. Store fartøy pløger leia for full fart. Det ser ut som dei stoler full og heilt på AIS-systemet. Dei ser knapt ut gjennom styrehuset, seier Blomvik til avisa.

AIS er eit system som automatisk varslar at skip er på kollisjonskurs, men Blomvik og fleire andre sjarkfiskarar har ikkje AIS, og dermed vert ikkje dei minste båtane fanga opp av systemet.

Blomvik meiner at det vert skapt farlege situasjonar fordi navigatørar stolar blindt på automatikken.

– Tre gongar i fjor vart eg nesten nedrent, medan eg låg med fiskelanterner og fulle lys og trekte garn. Berre ved å gi full fart framover gjekk eg såvidt klar ein stor båt. Ein annan gong måtte eg kutte rullen og kome meg unna, fortel Blomvik til avisa.