Det er allereie teke opp om lag ein fjerdedel av årets kvote for norsk vårgytande sild.
Fiskebåtredernes Forbund melder om høg aktivitet i fisket etter nvg-sild.
Til no i år er det fiska 215.000 tonn nvg-sild, noko som utgjer 24 prosent av den norske totalkvoten.
På same tid i fjor var det teke opp 133.000 tonn, som då var vel 13 prosent av den norske kvoten, opplyser forbundet, noko som vert stadfesta av sildelaget.
– Det er spesielt kystgruppa som så langt i år har fiska bra. Andelen fiska av den totale kvoten, er over 26 prosent, mot litt meir enn 14 prosent på same tid i fjor, opplyser Norges Sildesalgslag.
At kystgruppa har fiska over 86.000 tonn, skuldast mykje godt vær og god tilgjenge til silda. Det gjer at starten på året har vore god for denne gruppa, seier konsulent Roald Oen om omsetningstatistikken så langt i år.