Forlenga skjelsandkonsesjon i Austrheim

Del saken

AUSTRHEIM: Hordaland fylkesutval har forlenga konsesjonen til Roslagen AS, for opptak av til saman inntil 9.000 m3 skjelsand per år.

Løyvet gjeld for områda ”Nordvest for Nautøyna” og ”Sørvest for Ådnøyna”  i Austrheim kommune, og gjeld fram til 30. november 2014.

Opptak av massar skal gjerast med grabb i perioden oktober - juni.

Årleg opptak av massar frå området ”Nordvest for Nautøyna” er inntil 5.000 m3, og frå området ”Sørvest for Ådnøyna” inntil 4.000 m3 per år.

Må ta omsyn til oppdrettsanlegg

For området ”Sørvest for Ådnøyna” vert det inntil vidare berre gitt løyve til å ta opp massar i brakkleggingsperiodane til oppdrettsanlegget ved Allersholmen (lokalitet nr 11756).

Fylkesutvalet kan på nærare vilkår gje løyve til utvida opptaksperiode for området ”Sørvest for Ådnøyna”.

Føresetnaden er at opptak av skjelsand skjer utan at verksemda skapar risiko for spreiing av blakka sjøvatn til oppdrettsanlegget ved Allersholmen.

Fylkesutvalet kan på nærare vilkår gje løyve til utvida opptaksperiode for området ”Sørvest for Ådnøyna”. Føresetnaden er at opptak av skjelsand skjer utan at verksemda skapar risiko for spreiing av blakka sjøvatn til oppdrettsanlegget ved Allersholmen.

Utvida opptaksperiode vert i tilfelle gitt etter at det enten ligg føre avtale med eigar av oppdrettsanlegget ved Allersholmen, og/eller at det vert gjennomført ei ekspertundersøking for å avklare korleis skjelsandopptak kan skje utan risiko for spreiing av blakka sjøvatn til oppdrettsanlegget ved Allersholmen.

Fylkeskommunen vil fastsette krav til den nemnde undersøkinga, etter at Fiskeridirektoratet er gitt høve til uttale. Konsesjonen er elles gitt på dei vanlege vilkåra for skjelsandkonsesjonar, som framgår av konsesjonsdokumentet, samt rundskriv med vilkår frå departementet av den 1. april 1993.