Frigg trekt av grunn

Del saken

SULA: Den 81 meter lange tankbåten Frigg, gjekk i dag tidleg på grunn ved Veddeholmane i Sula ved Ålesund, men er no trekt av grunn.

Oppdatert

Tankbåten «Frigg» på nesten 1900 tonn stod fast vest for Veddeholmane i Sula ved Ålesund. Kystverket frykta at stormen i ettermiddag skulle skape vanskar for havaristen.

Båten blei trekt av grunn klokka 9.40 tysdag formiddag, melder NRK Møre og Romsdal.

Då skipet gjekk på grunn, var det på veg frå sildoljefabrikken på Vedde, der det hadde teke ombord 1140 tonn med sildolje.

Skipet som har dobbelt botn og dobbel side, fekk ein kraftig samanstøy med skjæret på Veddeholmane, melder NRK.

- Tankbåten er veldig solid, men det er ein fare i samband med at båten skal trekkast av grunn, sa Ole Kristian Bjerkemo i Kystverket til NRK.

Kapteinen var åleine på brua, og ifølgje politiet var han oppteken med å slå på lys på formasta. Då han kom tilbake til styreposisjonen oppdaga han at han var ute av kurs, og det var då umogleg å bremse skipet eller å styre unna skjeret.

Det er teke alkoholtest på kapteinen, og det er ingen mistanke om at kapteinen har vore påverka av rusmiddel.

Skipet er no slepa inn til kai ved sildeoljefabrikken på Vedde, same stad som det lasta opp sildolje før grunnstøytinga i dag tidleg, melder smp.no.

Det er Måløy-reiarlaget Fjord Shipping AS som eig fartøyet.