Austevoll Fiskeindustri vil auke produksjonen

Del saken

Austevoll Fiskeindustri AS søkjer om utsleppsløyve for å doble produksjonen ved slakteavdelinga for oppdrettsfisk, og for å tredoble mengda pelagisk fisk til filetering.

Fiskeforedlingsanlegget har søkt Fylkesmannen i Hordaland om utsleppsløyve for å utvide slaktekapasiteten for laks frå 24.000 tonn til 50.000 tonn per år.

Det er og søkt om å få auke produksjon med filetering av pelagisk fisk med 10.000 tonn, frå 5.000 tonn til 15.000 tonn per år.

Produksjonsauken vil føre til auka utslepp til sjø utanfor Prestneset ved Storebø.

Frist for uttale til utsleppssøknaden er 1. mars.

Austevoll Fiskeindustri AS er eit dotterselskap av Austevoll Seafood ASA.