– Viktig å utvikle nye produkt og prosessar

– Skal vi auke verdiskapinga og lønnsemda, er det viktig at det blir utvikla nye produkt og prosessar som gir oss meir igjen for kvar kilo fisk vi hentar opp frå sjø og merd.

Det sa statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet, i sin tale på Nordmørskonferansen i Kristiansund, torsdag 28. januar. Tema for talen var tilrettelegging for vidareutvikling av marin sektor i distrikta.

– Vi har ein positiv utvikling for dei aller fleste av dei kommersielt viktige fiskebestandane våre. Dette gir grunnlag for ein viss auke i enkelte kvotar. Samstundes er det viktig å ha klart for seg at vi neppe kan forvente omfattande auke i kvotane i framtida, sa Ulriksen innleiingsvis.

– Auka satsing på innovasjon og auka kontakt med - og kunnskap om - marknaden vil vere viktig. Ei kompetansekrevjande og innovativ næring vil også vere meir attraktiv og lettare tiltrekkje seg dei kloke hovuda og dei flinke hendene, sa Ulriksen.

Les utdrag frå talen her:

Ein stor del av norsk sjømateksport er råvarer og halvfabrikata. Eksporten av ubearbeida heil torsk aukar urovekkjande, for å nemna eit eksempel. Mange har spurt kvifor foredling er viktig når vi lenge har tent gode pengar på å vere råvareleverandør til fiskeindustrien i andre land. Eitt svar er at vi må ha fleire bein å stå på.

Ordførarar i kommunar som set av areal til oppdrett vil at dette skal generere busetnad og verdiskaping lokalt. Når vi eksporterer råvarer går vi glipp av arbeidsplassar, marknadskunnskap og marknadstilknyting.

Fiskeri- og kystdepartementet har innleia arbeidet med ein analyse av innovasjon og nyskaping i norsk fiskeindustri. Vi reknar med at analysen skal vere ferdig før sommaren. Målet er å kome fram til tiltak som skal auke innovasjonstakten og betre lønnsemda i industrien.

Regjeringa sitt overordna mål er at all hausting av dei marine ressursane skal skje innafor berekraftige rammer. Difor er det no vedtatt ei havressurslov med eit forvaltningsprinsipp som pålegg oss å følgje dette opp i praksis.

Eit berekraftig fiske inneber at vi haustar av det overskotet som bestanden til ein kvar tid kan tilby oss – utan at det fører med seg fare for at rekrutteringa til bestanden skal svikte. Om vi makter å gjere dette over tid, vil den samla avkastninga frå bestandane auke. Samstundes gir det auka stabilitet for næringa.

Det ligg bokstavlig talt eit hav av moglegheiter i marin sektor.

Sjå berre på den fantastiske utviklinga havbruksnæringa har hatt. For eit par generasjonar sidan eksisterte ikkje den næringa her til lands og no - eller rettare i 2009 - vart det eksportert for heile 26 milliardar kronar.

Torsk, kveite og hummar er nye artar i oppdrett, rett nok i ein tidleg oppstartfase, og med store utfordringar. Men utfordringar var det og mange av etter kvart som laks- og aureproduksjonen stadig voks. Gjennom samarbeid og ein omfattande forskingsinnsats har vi klart å meistre dei utfordringane næringa har møtt.

I dag har vi neppe oversikt over kva juveler havet skjuler, kva mulegheiter det ligg i bioteknologi og i bioprospektering. Vi har fått nokre verksemder som har lukkast med utvikling av heilt nye produkt basert på marint råstoff, men det må framleis vere mykje å hente.

Av oppdrett innanfor marine artar er det torskeopprett som har kome lengst. Sjølv om torskeoppdrettet no er inne i ei vanskeleg tid, står dei langsiktige måla for regjeringa si satsing fast. Dette kjem fram i regjeringa sin strategi for eit berekraftig framtidsretta torskeoppdrett som vart lansert i februar i fjor.

Villfisknæringa og torskeoppdrettsnæringa bør stå saman i konkurransen ved at oppdrettsnæringa tilbyr produkta sine når tilgangen på villfisk er minst. Volumet av oppdrettstorsk vil i overskodeleg framtid vere lite. Men, torsk i oppdrett vil gradvis kunne bli eit viktig supplement til villtorsken. Den kan gjera det muleg å tilby europeiske konsumentar fersk torsk gjennom heile året.

Å sikre ei berekraftig havbruksnæring blir høgt prioritert av regjeringa. Det er i så måte akkurat som i forvaltninga av villfisken. I Soria Moria II heiter det at: Det skal legges til rette for videre vekst i havbruksnæringen innenfor bærekraftige rammer. Strategien for bærekraftig havbruk skal legges til grunn.

Målet er at havbruksnæringa skal kunne vekse og verte driven utan at ho påfører miljøet rundt uakseptable skadeverknader.

Det er viktig å følgje opp tiltaka i strategien. Vi er allereie godt i gang, og vil prioritere oppfølginga av strategien høgt i tida som kjem. Og la meg seie det klart: miljømessig berekraft er ein føresetnad for langsiktig utvikling av havbruksnæringa.

Akvakulturlova slår fast det ikkje kan tildelast løyve til oppdrett i strid med kommunale arealplanar eller vernetiltak som er vedtekne. Kommunen har gjennom arbeidet med bindande kystsoneplanar såleis ei hovudrolle i kystsona. Vi finn mange kryssande interesser her: fiskeri, havbruk, skipsfart, turisme og friluftsliv for å nemne nokre.

I enkelte område har konfliktnivået mellom interessene auka. Det er difor viktig at kommunane er seg denne hovudrolla bevisst. Gode kystsoneplanar medverkar til å dempe konfliktnivået, og kan leggje til rette for vidareutvikling av marin sektor langs kysten, sa Ulriksen.