– Biologisk barnelærdom

Knut Arne Høyvik i Norges Fiskarlag er ikke enig med Oljeindustriens Landsforening (OLF), som har uttalt at Lofoten tåler en Bravo-utblåsing.

Informasjonsansvarlig Knut Arne Høyvik i Norges Fiskarlag reagerer på uttalelsene fra OLF om at Lofoten tåler en utblåsing, og tar saken opp i en noe uhøytidelig Fredagskommentar på fiskarlagets nettsider.

Kommentaren er gjengitt her:

Fredagskommentar: Biologisk barnelærdom

Lars Arne Ryssdal i OLF seier til Stavanger Aftenblad at eit utslepp av olje på størrelse med Bravo utsleppet ikkje vil vere noko katastrofe sjølv om det skjer midt i Lofotfisket. No har eg fiska i dei fleste områder der det har vore utslepp tidligare. Både på Statfjord og Draugen feltet. Dette er fiskefelt med eit hovedinnslag av voksen fisk.

Eg trur at den er robust nok til å tåle eit utslepp.

Men det som ser ut for å vere ei tilnærma håplaus pedagogisk oppgåve å forklare både Ryssdal og andre, er at Lofoten og Vesterålen er det største og viktigaste gytefeltet på den nordlige halvkule. Det som skjer, eller ikkje skjer i dette området, har ikkje berre betydning for det konkrete området. Dette er sjølve navlestrengen inn i økosystemet, der egg og larvar ser dagens lys for å drive med straumen inn i Barentshavet. Det er fruktene av dette som blir til store kvantum av fornybar mat, og som gjer at vi er ei fiskeristormakt.

Torsken som er ein botnfisk, gyt likevel i dei øvre vannmassene, og på larvestadiet er oddsa for å overleve svært små, utan ytre påverknad.

Kun 1 egg av 25 millionar torskeegg blir til ein voksen torsk.

Eit utslepp av olje i denne sårbare fasen kan desimere ei heil årsklasse med torsk. Det har Havforskningsinstituttet også stadfesta. Silda, som også gyt i dette området, legg sine egg på botnen. Denne gytinga vil sjølvsagt kunne påvirkast svært negativt av utslepp frå botninstallsjonar, slik vi såg skjedde på Draugen feltet.

Det er med andre ord desinformasjon når Ryssdal og OLF prøver å trekke med seg erfaringar frå tidligare hendingar i heilt andre område og bruke det som eit argument i høve til Lofoten og Vesterålen. På den måten prøvar han å få både opinionen og politikarar til å tru at alle havområder er like, og at det kan leggast blåkopi på det som allereie er gjort..

Det er ein grunnleggande biologisk lærdom at den mest sårbare fasen for alle levande individ er ved livets start. Fisken er ikkje noko unntak. Og det er denne hårfine balansen det handlar om.

Dette er barnelærdom, som burde gå an å selje inn til både Ryssdal og andre.

Men eg må innrømme: Det ser mørkt ut!!

Knut Arne Høyvik