– Eg forventar at styresmaktene vil fornye kravet om nye og større farty med miljøvennleg teknologi.
– Dette er enormt kapitalkrevjande og vi treng forbetringar i rammene våre for strukturering, finansiering og skattlegging.
Det sa styreleiar Inge Halstensen under opninga av representantskapsmøtet i Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) i Bergen i onsdag 3. februar.
– I dag er det ei ny tid, ein ny statsråd, eit nytt håp. Eg forventar at den nye statsråden vil føra oss ut av stillstanden. Ein leiar av norsk fiskerinæring, med ansvar for ein næringsaktivitet som snart vil passera 50 milliardar i eksportverdi, kan vel ikkje la seg svinebinda av ein politikk som alt er historie, og som næringa klart ønskjer å forbetra? Eg forventar også at me har fått ein statsråd som gjerne lyttar til næringa si, slik at me i fellsesskap kan styra flåten ut av dødvannet, til ein god makroøkonomisk driftsrekneskap og ein stadig betre miljørekneskap, sa Halstensen.
– Treng nye vertøy
– Heilt konkret forventar eg at statsråden, i tråd med 30 års suksessfull utvikling av den norske fiskeflåten, vil fornya myndighets- kravet til oss om å strukturera oss og utvikla flåten teknologisk mot stadig meir effektiv og miljøvennlig drift, dvs. byggja nye farty der slik teknologi kan bli implementert. Dette vil også føra med seg at utviklinga mot stadig større farty, både i kyst- og havfiskeflåten vil halda fram. Eg forventar av ein statsråd med næringsbakgrunn at ho vil fatta kor enormt kapitalkrevjande denne oppgåva er – vi må både strukturera og fornya, samstundes. Derfor forventar eg forbetringar i rammene for strukturering, finansiering og beskatning. Det står ikkje på viljen vår til ei offensiv satsing på å utvikla den norske havfiskeflåten, Lisbeth Berg-Hansen, men me manglar verktøy til å gjennomføra det, sa Halstensen mellom anna.