– Beskjeden gevinst av økt minstemål på sei

Sei ved havbunnen. Foto: Havforskningsinstituttet

Havforskningsinstituttet har i et forvaltningsråd til Fiskeri- og kystdepartementet gjort en vurdering av endring i minstemålet for sei.

Instituttet har sett på hvilke konsekvenser endring av minstemålet for sei, vil få for seiens høstingspotensial.

I rådet blir det påpekt at en økning i minstemålet til 45 cm i kystområdet nord for Stad, neppe vil gi et økt langtidsutbytte på mer enn 5 prosent, melder Havforskningsinstituttet.

Trål- og garnfiskere på kystbanken vil få en større tilgjengelighet til ressursen, mens effekten på notfiske mest sannsynlig vil være negativ.

Forvaltningsrådet vurderer blant annet kriterier som vekst, naturlig dødelighet, beskatningsmønster og seiens biologi. Vurdering av det foreslåtte minstemålet tyder på at det vil være en gevinst i å redusere beskatning av sei yngre enn 5-6 år. Dette tilsvarer et minstemål på ca. 55-60 cm. Dersom all fisk under fem år spares, vil en kunne øke langtidsutbyttet i noen grad. Men mengden vil avhenge av hva slags beskatningsnivå som forutsettes siden dette igjen vil ha konsekvenser for de biologiske referansepunktene.

Påvirkning på notfiske

Det påpekes at det er vanskelig å forutsi i hvor stor grad en økning i minstemålet til 45 cm vil påvirke notfisket. Lengdefordelingen tyder på at en stor del av de tradisjonelle feltene i så fall må forlates og spørsmålet blir da om det finnes alternative felt med større fisk som kan erstatte de gamle. Ved en total stopp i notfisket, vil en kunne oppleve en økning i langtidsutbytte på ca 5 prosent eller ca. 10.000 tonn Dette forutsatt at fangst med andre redskap som garn- og trål, økes med ca. 40 prosent.

Det påpekes at notfisket sør for Stad har liten betydning for langtidsutbyttet, så dersom notfisket stanses, vil dette bare bety en overføring av fangsten til trål og garn.

Fakta om nordaustarktisk sei

Sei har ein kraftig og muskuløs kropp, og er ein god symjar. Den er lett å kjenne på det svake underbitet og den rette sidelinja.

Sei førekjem både pelagisk og som botnfisk, på 0–300 m djup. Den opptrer ofte i tette konsentrasjonar og står pelagisk der straumen konsentrerer byttedyra.

Hovudføda for den yngste seien er raudåte, krill og andre pelagiske krepsdyr, medan eldre sei i aukande omfang også beitar på fisk som sild, brisling, kolmule, augepål og hyseyngel.

Seien er ein utprega vandrefisk som dreg på nærings- og gytevandringar. Stor sei følgjer norsk vårgytande sild langt ut i Norskehavet, av og til heilt til Island og Færøyane.

Dei viktigaste gytefelta i norske farvatn er Lofoten, Haltenbanken, bankane utanfor Møre og Romsdal og Tampen og Vikingbanken i Nordsjøen. Egg og larver blir førte nordover med straumen. Yngelen etablerer seg i strandsona langs kysten frå Vestlandet og nordover til søraustleg del av Barentshavet og vandrar ut på kystbankane som 2–4-åring.

Sei finst berre i Nord-Atlanteren. I den vestlege delen er det ei lita stamme ved Newfoundland. Seien i det nordaustlege Atlanterhavet blir delt i seks bestandar med hovudområde vest av Irland, vest av Skottland, ved Færøyane, ved Island, i Nordsjøen og på norskekysten nord for Stad.

Merkeforsøk viser at det er vandringar mellom bestandane. Frå norskekysten kan det vera omfattande utvandring av ungsei frå dei sørlege områda til Nordsjøen og av eldre fisk frå meir nordlege omrade til Island og Færøyane. Det er få eksempel på innvandring av sei til norskekysten.

Latinsk namn: Pollachius virens
Andre norske namn: Kod, seikod, mort, palemort, grønspor, pale
Familie: Torskefamilien
Maks storleik: 20 kg og 130 cm
Levetid: Opptil 30 år
Leveområde: Langs norskekysten frå Stad til Kolahalvøya
Hovudgyteområde: På kystbankane frå Lofoten til Nordsjøen
Gytetidspunkt: Om vinteren med topp i februar
Føde: Raudåte, krill og andre pelagiske krepsdyr, sild, brisling, kolmule, augepål og hyseyngel
Predatorar: Sel og kval
Særtrekk: Opptrer i tette konsentrasjonar, står ofte pelagisk der straumen konsentrerer byttedyra

Kjelde: Havforskningsinstituttet