Roaldsnes ny styreleiar i Fiskebåt

Del saken

Tore Roaldsnes frå Vigra på Sunnmøre, er valt til ny styreleiar i Fiskebåtredernes Forbund.

Tore Roaldsnes (49) blei på representantskapsmøtet i Bergen i går, samrøystes valt til ny styreleiar etter Inge Halstensen, melder Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt).

Roaldsnes er dagleg leiar i Roaldnes, som har tre rundfrysetrålarar. Han er utdanna fiskeskipper og fiskerikandidat, og har vore styremedlem i Fiskebåt.

Geir Lundberg og Lars Ove Stenevik er nye i styret, etter at Birger H. Dahl og Inge Halstensen går ut.

Halstensen takka av

Inge Halstensen frå Bekkjarvik i Austevoll, blei samtidig takka av etter fire år som styreleiar.

Det vanka mykje ros, blomster og gåver til "det gode og alltid engasjerte menneske" frå Bekkjarvik, skriv Fiskebåt.

Blant dei som snakka varmt om den avtroppa styreleiar var leiar i Norges Fiskarlag, Reidar Nilsen.